Kjøpsbetingelsar

Brim Fjordsauna
Org.nr: 936 711 219

Ved å gjennomføre ei bestilling hos Brim Fjordsauna stadfestar du at du har lest og godteke desse kjøpsbetingelsane.

Betaling

Alle reservasjonar skal betalast i sin heilskap ved bestilling. Betaling skjer via Vipps eller Visa/Mastercard.

Bestillinga er bindande når betaling er gjennomført.

Avbestilling og endring

Frist for avbestilling er 24 timar før starttidspunktet for reservasjonen.
Ved avbestilling seinare enn dette vert heile beløpet belasta (100 %).

Endring eller kansellering må skje skriftleg. Endring vert gjennomført dersom det er ledig kapasitet.

Personvern

For å kunne gjennomføre bestilling og kundehandsaming samlar Brim Fjordsauna inn nødvendige personopplysningar som namn, telefonnummer og e-postadresse.

Personopplysningane vert samla inn gjennom:

  • Betalingsløysing (Vipps / Visa / Mastercard)
  • Opplysningar du sjølv legg inn ved bestilling

Opplysningane vert berre nytta til administrering og gjennomføring av avtalen, og vert ikkje delte med tredjepartar utover det som er nødvendig eller lovpålagt.

Vipps sine vilkår kan lesast her:
https://vipps.no/personvern-og-vilkar/

Ved å godta desse kjøpsbetingelsane samtykker du til at Brim Fjordsauna kan lagre og behandle personopplysningar som er nødvendige for å oppfylle avtalen.

Personopplysningar vert berre utleverte til andre der dette er kravd i lov.