
Om oss
Me er eit par som ynskjer å spreie badstoveglede til fastbuande og tilreisande i Bremanger.
Bremanger kjem frå ordnet Brim - og tyder bølgjebrot, der havet treff land. På ein slik stad tenkte me at det må vera ein sauna, og slik vart det Brim fjordsauna.
Saunaen ligg nærmare bestemt på Iglandsvik. Her kan du senka tempoet, leggja frå deg kvardagsstress og vera til stades i augneblinken. Dette samstundes som du kjenner på varme, ro og stillheit, eller rettare sagt lyden av bølgjer.