Brim Fjordsauna er eit sjølvbetent tilbod. For at alle skal få ei trygg, god og avslappande oppleving, ber vi deg lese og følgje retningslinjene nedanfor.
Generelt
- All bruk av badstove og bading skjer på eige ansvar.
- Vi tilrår sterkt at ein ikkje badar åleine.
- Gjester er ansvarlege for skade på utstyr eller fasilitetar som følgje av uforsvarleg bruk eller atferd.
Aldersgrense
- Barn og unge under 18 år må vere i følgje med føresette.
Kapasitet
- Maks tal personar i badstova er 10, av omsyn til tryggleik og komfort.
- Kapasiteten skal ikkje overskridast.
Alkohol
- Vi tilrår ikkje alkohol i kombinasjon med badstove og bading.
- Ved private bookingar er det tillate med maks to alkoholeiningar per person (ikkje brennevin eller vin). Ved drop-in er det ikkje tillate med alkohol.
- Unngå drikke som kan setje farge på treverket.
- Synleg rusa personar kan nektast adgang eller bli bortvist.
Handkle og hygiene
- Ta med to handkle: eitt til å sitje på inne i badsstova, og eit til å tørke deg med etter bading. Dette reduserer saltvatn og slitasje i badsstova.
- Av hygieniske omsyn er det ikkje tillate med mat inne i badstova.
Badstoveomnen
- Det skal kun brukast ferskvatn på omnen.
Saltvatn øydelegg omnen. - Vatn skal hentast frå tilgjengeleg ferskvasskran.
Tidsbruk
- Respekter booka tid.
- Ver presis, men vent med å gå inn til tidlegare gjester har forlatt garderoba.
- Når tida er ute, skal badstova forlatast slik at ho er klar for neste gjester.
Orden
- Forlat badstova ryddig og rein – slik du sjølv ønskjer å møte henne.
Hjarteleg velkommen og nyt opphaldet!
Med vennleg helsing
Brim Fjordsauna